Bryllup
Dokumentarisk bryllaupsfotografering med fokus på kjensler, nærleik og dei små augneblikka.


Bryllaupsdagen går fortare enn dei fleste trur. Plutseleg er kjolen hengt bort, blomane har visna, og festen er over. Det som står att, er minna – og bileta som hjelper dykk å oppleve alt på nytt.
Eg ønskjer at de, mange år frå no, skal kunne bla gjennom galleriet og ikkje berre sjå korleis dagen såg ut, men kjenne korleis han kjendes. Dei vakre portretta de vil henge på veggen. Latteren de ikkje visste nokon fanga. Tårene under talane. Klemmane frå besteforeldre. Blikka de sende kvarandre. Dei små augneblikka de kanskje ikkje eingong fekk med dykk der og då.
For meg handlar bryllaupsfotografering om å ta vare på heile historia – dei store høgdepunkta og alle dei små, ekte augneblikka imellom. Slik at bileta ikkje berre blir noko de ser på, men noko de kjenner på, år etter år.
Halvdags - 27 000 kr
For dykk som ønskjer dei viktigaste delane av dagen dokumenterte.
Inkluderer:
5 timar fotografering
Planleggingsmøte
Minimum 250 ferdig redigerte bilete
Bileta leverte digitalt i høg oppløysing
Halv pris på forlovingsfotografering


Heildags 36 000kr
For dykk som ønskjer historia om heile bryllaupsdagen – frå førebuingar til festen er i gang.
Inkluderer:
Inntil 10 timar fotografering
Planleggingsmøte
Minimum 500 ferdig redigerte bilete
Bileta leverte digitalt i høg oppløysing
Gratis forlovingsfotografering innan éin times reise frå Ålesund
Klar for å ta ein prat?
Send meg datoen dykkar og fortel litt om planane de har. Er datoen ledig, avtalar vi gjerne ein uforpliktande prat for å bli betre kjende og sjå om vi er ein god match.
92632626




















